mandag 9. august 2010

Litt meir om roser



Har nokre roser i hagen vår, nokre er moderne roser og andre historiske roser. Eg måtte berre finne ut kva som var kva. Altså roser har eg ikkje noko særleg greie på.
Rosebusker skal pusses, det har eg forstått. Det vil seie at avblomstra roser alltid skal sjærast vekk inntil øverste fullt utvikla blad. Moderne roser har gjerne ein lang bløme periode. Historiske roser blømer og så snipp, snapp snute -ferdig. Det som eg ikkje visste, eller har ikkje fått med meg.. er at dei historiske rosene blømer på fjorårets skudd og då berre ein gang i løpet av året. Beskjere du dei for hardt under knoppene blir det ikkje noko bløming neste år. Her gjeld det altså å vite kva som er kva når tida er inne for besjæring.
Førebels så fortsette eg med det eg alltid har gjort, fjerner avblomstra roser og plukker opp kornblada frå bakken. Om ikkje anna ser det finere ut. Ha ein flotte kveld.


Austin‑rosa, Winchester‑Cathedral som eg har i hagen. Kjempefin og luktar godt, men med alt det regnet som har vert i sommar rotnar knoppane og roseblada fell til bakken.

1 kommentar:

  1. Så koselig blogg du har,la meg til som følger så finner jeg deg enkelt neste gang.

    Ønsker deg en flott søndag

    SvarSlett