mandag 9. august 2010

Litt meir om roser



Har nokre roser i hagen vår, nokre er moderne roser og andre historiske roser. Eg måtte berre finne ut kva som var kva. Altså roser har eg ikkje noko særleg greie på.
Rosebusker skal pusses, det har eg forstått. Det vil seie at avblomstra roser alltid skal sjærast vekk inntil øverste fullt utvikla blad. Moderne roser har gjerne ein lang bløme periode. Historiske roser blømer og så snipp, snapp snute -ferdig. Det som eg ikkje visste, eller har ikkje fått med meg.. er at dei historiske rosene blømer på fjorårets skudd og då berre ein gang i løpet av året. Beskjere du dei for hardt under knoppene blir det ikkje noko bløming neste år. Her gjeld det altså å vite kva som er kva når tida er inne for besjæring.
Førebels så fortsette eg med det eg alltid har gjort, fjerner avblomstra roser og plukker opp kornblada frå bakken. Om ikkje anna ser det finere ut. Ha ein flotte kveld.


Austin‑rosa, Winchester‑Cathedral som eg har i hagen. Kjempefin og luktar godt, men med alt det regnet som har vert i sommar rotnar knoppane og roseblada fell til bakken.

fredag 6. august 2010

Nye roser til hagen


Min pappa kom heim frå ferie og hadde handla ein klatrerose til oss. 'Jazz'('That's Jazz') ein remorterende busk/klatrerose med mørkeraude, store og strekt duftande blomar(les eg på roseexpert.no. Biltete er og henta frå deira nettside) Herdighet antageleg H4. Antageleg....me bur i H1 så det bør jo gå bra. No er det store spørsmålet kor skal eg plante den? Kunne tenkt meg å ha den med garasjeveggen, men garasjen vert sannsynleg ikkje ferdig før i slutten på september. Skal eg plante den i ei stor potte og så sette den ned så snart som råd er ?

Eg har og eit rosebedd med fem markdekkanderoser,Sandefjord / Tommelise(bilete henta frå roseexpert.no) og lavendel. Rosene veks fint, ikkje så store ennå, men eg kunne tenkt meg å ha noko meir i beddet. Har plass til noko bak rosene.Tips ?

mandag 2. august 2010

Dagens innkjøp og litt til...



I dag har været vert ok, men det har ikkje vert tid til noko særleg med hagearbeid. Dagen har gått med til arbeid med garasjeprosjektet vårt (bilete kjem seinare). Ein liten handletur førte med seg innkjøp av to stauder, Raud solhatt (Echinacea Mistral)og ein sedum utan namnelapp,( det einaste som stod på lappen var STAUDE…..) kan være ein Sedum Purple Emperor. Morgondagen er satt av til hagearbeid, det er meldt sol på vestlandet,tru det eller ei.Det store bilete er av stauden me kallar "Farmors bergknapp" den er omlag fem år gamal. Før me solgte farmor sitt hus tok eg med meg ein avleggar. No har eg fleire i hagen, dette er den største og eg gler meg til den blomstrar. Ha ein flott kveld :)

fredag 30. juli 2010

På jakt etter snegler


Foto: Arne Winter (Dagbladet)
Jakten etter snegler har tatt ein ny vending-no jakter eg på ein ny sort som kan assistere meg i kampen mot dei brune ekle krypa. Sjekk artikelen http://www.dagbladet.no/2010/07/27/nyheter/iberiasneglen/leopardsneglen/sneglestudie/12724883/

onsdag 21. juli 2010

Regnet øser enno ned:(

Det regnar enno, lei av at ting stopper opp. Me kan ikkje støype, så garasjeprosjetet ligg på vent. Kvar kveld er eg ute å saknar slimte brune sniglar:(

søndag 18. juli 2010

Sommerens beste utestol



Litt meir for den nevenyttige. Ein flott utestol som du kan snikre sjølv. Framgangsmåte finn du på http://www.viivilla.no/lag-sommerens-beste-utestol.aspx?menu=56283&area=&noarea=1&category=&std=false

lørdag 17. juli 2010

Ein ny regnfull dag

 
Ja, tidligt oppe og ser at det er ein ny regnfulldag. Må få tid til litt forfallande hagearbeid (luking)mellom regnbygene. Garasjeprosjektet blir det sikkert ikkje jobba så mykje med. Har kjøpt sneglekverk etter å ha sanka rundt 50 brune slimete ekle kryp i døgeret dei siste tre døgna. Ulempen er at skjora likar "gifta" så godt, hadde den kverka skjora og som vekker meg tidleg om morgonen så hadde det vert greit. Ha ein flotte dag.
Posted by Picasa

torsdag 15. juli 2010

Flott putekasse



Er du litt nevenyttig kan du snikre deg denne flotte putekassen. For min del får det bli eit prosjekt som ligg fram i tid. Framgansmåte finn du på: http://www.klikk.no/bolig/rom123/idebanken/article584497.ece

Regntung dag

Idag er det ikkje tid for dei heilt store prosjekta. I går støypte me og styra på med den nye garasjen. Tid for litt innearbeid og jakt på dei brune ekle slimete krypa.

mandag 12. juli 2010

Ny i bloggverda


Då skal eg prøve meg i bloggverda og det er heilt nytt for meg. Eg har forstått at dette er noko som svært mange gjer, og ettersom eg tar litt vidareutdanning i "IKT brukt i undervisning"(jobbar som lærar i ungdomsskulen)skal eg no teste ut blogging.Om eg har så mykje å komma med av interesse for andre spørs.Eg likar å putle på i hagen, det er ein av mine store interesser. Då slappar eg av og samler krefter til ein hektisk kvardag. Klematisen på bilete er noko av det fyrste som vart planta i hagen, den har støtta seg mot ein gammal garasje som no er riven. Opp skal ein ny i sommar. Den har ikkje blomstra noko særleg tidligare, først i år slo den til. Kanskje fordi den må flyttast?