mandag 2. august 2010

Dagens innkjøp og litt til...



I dag har været vert ok, men det har ikkje vert tid til noko særleg med hagearbeid. Dagen har gått med til arbeid med garasjeprosjektet vårt (bilete kjem seinare). Ein liten handletur førte med seg innkjøp av to stauder, Raud solhatt (Echinacea Mistral)og ein sedum utan namnelapp,( det einaste som stod på lappen var STAUDE…..) kan være ein Sedum Purple Emperor. Morgondagen er satt av til hagearbeid, det er meldt sol på vestlandet,tru det eller ei.Det store bilete er av stauden me kallar "Farmors bergknapp" den er omlag fem år gamal. Før me solgte farmor sitt hus tok eg med meg ein avleggar. No har eg fleire i hagen, dette er den største og eg gler meg til den blomstrar. Ha ein flott kveld :)

1 kommentar:

  1. Sedum er så flott!
    Nydelig solhatt du har kjøpt deg, og jeg tror du har helt rett mht S. Purple Emperor - ligner i allefall veldig på den jeg har :-)

    SvarSlett