mandag 12. juli 2010

Ny i bloggverda


Då skal eg prøve meg i bloggverda og det er heilt nytt for meg. Eg har forstått at dette er noko som svært mange gjer, og ettersom eg tar litt vidareutdanning i "IKT brukt i undervisning"(jobbar som lærar i ungdomsskulen)skal eg no teste ut blogging.Om eg har så mykje å komma med av interesse for andre spørs.Eg likar å putle på i hagen, det er ein av mine store interesser. Då slappar eg av og samler krefter til ein hektisk kvardag. Klematisen på bilete er noko av det fyrste som vart planta i hagen, den har støtta seg mot ein gammal garasje som no er riven. Opp skal ein ny i sommar. Den har ikkje blomstra noko særleg tidligare, først i år slo den til. Kanskje fordi den må flyttast?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar