fredag 6. august 2010

Nye roser til hagen


Min pappa kom heim frå ferie og hadde handla ein klatrerose til oss. 'Jazz'('That's Jazz') ein remorterende busk/klatrerose med mørkeraude, store og strekt duftande blomar(les eg på roseexpert.no. Biltete er og henta frå deira nettside) Herdighet antageleg H4. Antageleg....me bur i H1 så det bør jo gå bra. No er det store spørsmålet kor skal eg plante den? Kunne tenkt meg å ha den med garasjeveggen, men garasjen vert sannsynleg ikkje ferdig før i slutten på september. Skal eg plante den i ei stor potte og så sette den ned så snart som råd er ?

Eg har og eit rosebedd med fem markdekkanderoser,Sandefjord / Tommelise(bilete henta frå roseexpert.no) og lavendel. Rosene veks fint, ikkje så store ennå, men eg kunne tenkt meg å ha noko meir i beddet. Har plass til noko bak rosene.Tips ?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar